– Dette gjeld spesielt Moavegen, Bispevegen og Skamsarvegen. Her er det ofte høg fart på bilane som køyrer og noko må gjerast for å få ned farten. I Moavegen ved Skjåk ungdomsskule er det også trafikkfarlege situasjonar når bussane hentar elevane etter skulen. Bilane tek ikkje omsyn til at bussane står der og at elevar går av bussen og kanskje skal krysse vegen, heiter det i brevet frå velforeininga.
Skjåk kommune svarar at det i trafikksikringsplanen for kommunen er teke med fartsdemparar på hovudvegar i Bismo.
– Tiltak ved busshaldeplassen har også vore drøfta. Det er naturleg å sjå på dette i samband med utbygginga av 1-10 skule. Eit tiltak kan vera å stenge Ålmenningsvegen for gjennomkøyring frå biblioteket og vestover forbi skulen, skriv tenesteleiar Per Dagsgard i svarbrevet til Bismo Vel.