Det er Statens vegvesen som melder om at Fv63 mellom Langvatn og Geiranger, kjend som Geirangervegen, blir opna att onsdag etter å ha vore vinterstengt.

Vegen blir i fylgje vegvesenet opna klokka 12.00.

Stavbrekkfonna har gått, og det er dermed trygt å ferdast på vegen. Det var ikkje før tysdag at Statens vegvesen tok den endelege avgjersla om at Geirangervegen blir opna onsdag.

Fylkesvegen mellom Langvatn og Geiranger vil førebels vere nattestengd alle dagar frå klokka 22.00 om kvelden til 08.00 neste morgon.

Også turistvegen over Trollstigen mellom Sunnmøre og Romsdalen er klar for opning onsdag. Vegen opnar i fylgje Statens vegvesen klokka 09.00.

Hald deg oppdatert på dei ferskaste vegmeldingane på Statens vegvesen sine nettsider.