Fylkesvegen 51 Valdresflye har vore mykje stengt på grunn av uver etter at vegen vart opna før påske.
Torsdag denne veka var vegen stengt på grunn av uver.
Fredag var vegen open med vekslande snø- og isdekke. Valdresflye er nattestengt mellom 20.00 - 08.00.
Yr melder at det utover fredag kveld og laurdag er meldt nedbør i form av snø og laber bris.
Sundag er det på føremiddagen meldt om liten kuling frå vest.
Skal du over fjellet i helga, sjekk ver og føre på Statens vegvesen sine trafikkmeldingar. Sjekk her.