Startskotet gjekk klokka 12.00. Både start og mål er i Lom sentrum, ved gamle Loar skule. Løypa er 82 kilometer lang, og er tre turar innom rundkøyringa i Lom sentrum. Syklistane køyrer fyrst mot Skjåk, deretter tek dei til Lom att og mot Bøverdalen, for deretter å sykle mot Vårdalen, før dei snur og kjempar for å kome fyrst i mål i Lom sentrum. Rittet blir ofte avgjort i Rådsbakken, der syklistane må kjempe seg gjennom seks kilometer med jamn stigning.Lomsrittet er ikkje «berre» for dei vaksne. Ungdomstrinnet, det vil seia dei som er under 17 år, syklar den såkalla Vårdalsrunda på 20 kilometer.