Den tsjekkiske padlaren som vart meldt sakna klokka 17:50 måndag ettermiddag er no funnen død, melder politiet på Twitter klokka 18:45.

Padlaren vart funnen i Sjoa, om lag sju kilometer nedanfor Ridderspranget i Sjodalen i Vågå. Politiet melder klokka 19:21 at mannen er henta ut av elva ved hjelp av redningshelikopter.

Det er mykje vatn og sterk straum i Sjoa no.

Padlaren var i eit følge med sju andre tsjekkiske padlarar.