Politiet i Ottadalen er ved 19-tida laurdag på veg til Billingen for å sjekke eit snøskred i fjellsida til toppen Låg-gøymen, på austsida av elva Torda.

Operasjonsleiar Kjartan Waage i Innlandet politidistrikt opplyser at politiet er på veg for å avkrefte om dette er eit gamalt eller nytt skred.

Det var forbipasserande på riksveg 15 som melde frå til politiet om snøskredet.

Waage fortel at det går skispor på vestsida av Torda, men at det i følgje Hovudredningssentralen truleg ikkje har vore folk i området der skredet har gått.

– Ingen personar er meldt sakna, seier Waage.

Oppdatering 20.56:

– Vi er trygge på at det ikkje er personar i skredet, seier Bjørn Lunkemoen ved operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt.

Han fortel at politiet har sjekka skredet, som truleg har gått for nokre dagar sidan.

Det er ikkje skispor ut eller inn i skredet.