Fjukens ansvarlege redaktør har fullt personleg, juridisk og etisk ansvar for alt som blir publisert av Fjuken. Dette gjeld også innhald skapt av eller ved hjelp av kunstig intelligens.

Ver varsom-plakaten (VVP) gjeld også for innhald generert av kunstig intelligens. EIn redaksjonell medarbeidar skal derfor alltid gjennomgå og kvalitetssikre innhald skapt av eller med bistand av generative KI-modellar.

Merking:

  • Der kunstig intelligens blir brukt til å generere innhald, skal dette merkast tydeleg.

  • Fjuken skal generelt vera opne mot publikum om eventuell bruk av KI i arbeidsprosessen, og opp mot kjelder, der det er relevant.

  • Dersom KI kun er brukt som hjelpemiddel til å hente inn informasjon, eller oversetja språk, er det ikkje nødvendig å opplyse om det.

Foto:

  • Fjuken skal verne om det journalistiske fotografiets truverd, jmf. VVP 4.11. Derfor er det ikkje tillatt med fotorealistiske bilde. (Unntaket er om eit slikt bilde er ei nyheitssak i seg sjølv.)

  • Lesarane skal aldri vera i tvil om kva som er ekte og kva som er generert.

  • KI skal ikkje brukast til å redigere, forbetre eller endre bilde på ein måte som skil seg frå ordinær bilderedigering.

  • Den stadig aukande mengda fotorealistisk KI-generert innhald, stiller ekstra høge krav til å kontrollere og verifisere bilde som kjem inn til redaksjonen.

Illustrasjonar:

  • Illustrasjonar, grafikk og modellar laga av KI skal godkjennast av redaktør før publisering.

  • Slik bruk skal merkast tydeleg.

  • Fjuken skal berre publisere KI-genererte illustrasjonar frå modellar som er trent på lisensiert innhald, materiale utan opphavsrett og/eller som elles kan brukast fritt.

Sensitiv informasjon og upublisert materiale:

  • Kjldevernet er eit grunnleggjande prinsipp og ein føresetnad for at pressa skal kunne fylle si samfunnsoppgave. Derfor blir det stilt det strenge krav til deling av informasjon med KI-modellar. KI skal ikkje nyttast på nokon måte som kan koma i konflikt med kjeldevernet.

  • Når vi matar informasjon inn i store KI-modellar, har vi ikkje lenger kontroll på informasjonen. Derfor skal som hovudregel berre publisert og/eller offentleg tilgjengeleg materiale matast inn i slike modellar. Eventuelle unntak skal avklarast med redaktør.

  • Opptak av intervju kan transkriberast ved hjelp av KI-modellar, men eventuell bruk av KI-transkribering ved intervju av sensitiv karakter skal berre utførast i sikra lagringsmiljø, eksempelvis lokalt på eigen maskin.

  • KI kan nyttast til å generere kode, men same krav til sensitivt og upublisert materiale gjeld også ved input her. Plugins eller andre KI-løysningar som koplar seg opp mot informasjonsmiljø skal ikkje nyttast med mindre leverandør er tryggingssklarert, og ein har ei direkte avtale på plass.

Teknologien er i rask endring, og våre retningsliner vil derfor vurderast og oppdaterast fortløpande.