Dompe er regulert som friområde i kommunedelplan for Vågåmo og har i alle år vore populær arena for leik og fritidsaktivitetar både sommar og vinter. Nå skal den gamle hoppbakken rustast opp.

Anne Mette Gården og Simen Holen har tilbydd seg å stille gratis med maskiner og arbeidskraft for å ruste opp den gamle hoppbakken i Dompe. Gården og Søner AS stiller med gratis maskiner for å justere profilen på den gamle hoppbakken. Ved sidan av skal det byggjast ein minibakke med masse frå eksisterande hoppbakke.

Dette initiativet får ungdomskonsulent Jørgen Vole nær sagt til å hoppe av glede.

– Vi har gode minner frå Dompe, og ynskjer at dagens unge skal få oppleve dette. Ein slepp bruke bil for å koma hit. Ungane kan tusle hit etter skulen. Det er godt å vere ute, seier Anne Mette Gården.

Det skal monterast fire ljosmaster som i si tid var tenkt å ha i Villaparken, for å flaumljose området på kveldstid. Ljosmastene er ni meter høge trestolpar som er levert av Eidefoss.

– Skibakken skal brukast utan behov for maskinell preparering. Her skal skihopparar og andre skiløparar trakke bakken for eiga maskin, seier Vole. Han fekk måndag klarsignal om å starte arbeidet med å ruste opp hoppbakken.

Laurdag, og kanskje allereie fredag, startar Anne Mette Gården og Simen Holen opp maskinene i hoppbakken i Dompe. Da er det snart berre snøen som manglar.

Ungdomskonsulent Jørgen Vole set stor pris på initiativet frå Anne Mette Gården. Foto: ARVE DANIELSEN