– Farten må ned før det skjer ei ulykke, skriv Jon Kleiven i Lia ungdomslag.

Ungdomslaget ynskjer å setje ned fartsgrensa frå 80 til 60 kilometer i timen på fylkesveg 468 Liavegen, på strekninga frå Tronoddbrua til Vågå grense.

Saka er sendt trafikksikringsutvalet i Lom kommune.