Politiet har sett inn forsterkingar frå Lillehammer og håpar å løyse situasjonen som har oppstått nokre få kilometer frå Lom sentrum, på solsida i nedre Bøverdalen.

Mannen ville, tidlegare torsdag efta, ikkje levere frå seg våpen som politiet skulle inndra, og tenestemennene opplevde situasjonen som trugande og trekte seg ut.

Det skal vera dialog med mannen, og frå operasjonssentralen (ops) på Lillehammer blir det sagt at dei vil bruke tid og ikkje stresse situasjonen.

– Vi vil bruke tid, til det beste både for vedkomande og politiet, seier vakthavande på ops.

Mannen er einsleg i huset, og folk i grenda er ikkje evakuerte, men blir bedne om å halde seg inne.