Politiet kan opplyse om at det så langt ikkje ser ut til å vera alvorlege skadar hjå dei fem involverte personane. To er heilt uskadde.

Det er store trafikkproblem på fjellet, riksveg 15 er stengt og køyrande blir nå dirigert om fylkesveg 258 - Gamle Strynsfjellvegen. Det er grunn til å merke seg at dette er ein grusveg og at han er smal og svingete.