Klokka 12.00 måndag, andre påskedag, vart påskeberedskapen ved fjellredningsstasjonen i Lom avslutta for i år.

Friviljuge frå hjelpekorpsa i Skjåk, Lom og Bøverdalen, skredekspertar, Norske redningshundar og mannskapet på helikopteret frå Airlift kunne da pakke saman og reise heim etter mange døgn på vakt.

Sidan laurdag før palmesundag har pilotane Stig Følid og Marco Drobal frå Airlift sitte i beredskap på basen i Lom.

Den rolege påska har gjort at mannskapet på helikopteret har nytta flytida til trening saman med hjelpekorps og redningshundar. Det har vore gjort tre forskjellige treningar.

I tillegg til dei to pilotane, har seks personar til vore i beredskap på fjellredningsstasjonen kvart døgn.

Fleire av dei friviljuge frå hjelpekorpsa har sitte på vakt i fleire døgn for å få kabalen til å gå opp.

På spørsmål om ventetida har vore lang, svara pilot Stig Følid at dette har gått fint når ein er i eit slik godt selskap som påskeberedskapen er.

Oppland Røde Kors har registrert 17 skader og ein leiteaksjon i Nord-Gudbrandsdalen i påska.

Leiteaksjonen var på Lesja.

Når det gjeld skader, trur Rune Magnar Bjørkheim, leiar i Oppland Røde Kors, at desse tala fordeler seg likt mellom hjelpekorpsa i Vågå, Lom og Skjåk, og resten av regionen.

Ser ein på heile fylket er resultatet 148 skader og tre leiteaksjonar.

- Det har ikkje vore så mykje skader sidan vi byrja å registrere dette i 2005, seier Bjørkheim.