– La skjermen vera mest mogleg i fred, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgiver i NAF.

Bruk av mobiltelefon i bil er regulert i ei eiga forskrift. Men også unødig bruk av touchskjerm kan bryte med trafikkreglane om du tar merksemda bort frå vegen.

Ein test svenske Vi Bilägare gjorde i fjor sommar viste at for somme moderne bilar hadde føraren køyrt opptil éin kilometer på tida det tok å gjera enkle endringar i innstillingane på bilens touchskjerm.

– Mykje kan skje i trafikken på éin kilometer. Derfor må du vera bevisst og heller køyre til sida når du treng å bruke skjermen. Har du stemmestyring i bilen, kan dette vera eit godt alternativ, seier Sødal.

Sjølv om du har tilgang til mykje av innhaldet på mobilen når den er kopla til bilen, har du ikkje lov å bruke touchskjermen på ein måte som tek merksemda bort frå vegen. Dette er regulert i vegtrafikklova.

– Vi tilrår å stille inn navigasjon, temperatur, musikk og liknande før du køyrer. Da får du skjermfri på turen og unngår bot eller i verste fall ei ulykke, seier Sødal. I ferien er det gjerne fleire i bilen. La passasjeren framme gjera endringar i køyreruta eller musikkval undervegs. Da har sjåføren fokuset der det skal vera, nemleg på vegen, seier han.

Brukar du mobiltelefon bak rattet kan du få tre prikkar på førarkortet og bot på 9.700 kroner. Har du mobilen i ein eigen haldar ved sida av rattet, kan du bruke skjermen for å taste telefonnummer, starte eller ta imot samtaler. Men det beste alternativet er å kople mobilen til handsfree-løysinga i bilen.

– Det er strenge reglar for bruk av handhalden mobil, seier Sødal. Du har ikkje lov å surfe, sjekke Facebook eller skrive SMS. Du kan heller ikkje bruke telefonens navigasjon aktivt ved å taste på skjermen, avsluttar han.