Det er på grunn av feil på høgspenten at det må utførast arbeid i Grasdaltunnelen på riksveg 15 mellom Skjåk og Stryn.

Statens vegvesen opplyser at arbeidet tek til måndag 22. mai og er planlagt ferdig innan 30. juni.

I denne perioden blir Grasdaltunnelen stengt i periodar på 30 minutt.

– Det blir køyrd kolonne kvar heile og halve time frå skjåksida, og retur fortløpande. Arbeidstid er måndag-onsdag klokka 07.00–19.00 og torsdag klokka 07.00–12.00. Elles blir det fri ferdsel, opplyser Statens vegvesen.