For å sørgje for betre trafikktryggleik for alle trafikantar, gjennomfører Statens vegvesen kontrollar langs vegen ved jamne mellomrom. Kontrollane skal også bidra til å sikre konkurransevilkåra i bransjen og yrkessjåførane sine arbeidsvilkår.

Denne veka har Statens vegvesen hatt kontrollar på Otta trafikkstasjon ved E6, med fokus på tunge kørety.

Kontrollane har gått føre seg på dagtid frå måndag til torsdag.

Statens vegvesen opplyser at til saman 239 tunge køyrety har vore innom kontrollplassen. I tillegg har 3 lette køyrety vore kontrollert. 200 personar har vore sjekka for bruk av bilbelte.

Resultata attpå kontrollane:

• Anmeldt: 1

• Overlastgebyr: 2

• Bruksforbod: 9

• Skriftlege manglar: 14

• Andre gebyr: 2

Blant funna som vart avdekt og gav reaksjonar under kontrollane var overlast, stor luftlekkasje, feil vektårsavgift, manglande lastsikring, knuste baklyktar, dekk, bombrikke, manglar i vognkort og manglande merking på utstikkande gods.

Éin førar stoppa ikkje for kontroll og vart anmeldt.