– Folk må vera klar over at det er sommaren, ikkje vinteren, som er på ulykkestoppen både når det gjeld antal omkomne og hardt skadde. Ikkje la deg lure av fint vêr og gode køyreforhold, åtvarar pressesjef i Trygg Trafikk, Christoffer Solstad Steen.

– I fjor opplevde vi ein tragisk ulykkesommar som tok 47 liv mellom juni og august. Rett under halvparten av alle som vart drept i trafikken heile året. Det håpar vi å unngå i år, legg han til.

Steen viser til tal for drepte i trafikken sidan 2009. Dei viser nemleg at feriemånadene juni, juli og august toppar den dystre lista over ulykkesmånader.

– Faren for å bli drept eller skadd i trafikken er rett og slett større i sommarmånadene. Da aukar antal alvorlege ulykker erfaringsmessig med opp mot 50 prosent. Det viser tydeleg kor viktig det er å ta frem dine beste eigenskapar som sjåfør og tenkje tryggleik heile vegen, seier han.

– Hald farten nede!

Fart er, ifølgje Steen, årsaken til mange av ulykkene om sommaren og i året elles.

– Det å køyre for fort er noko av det farlegaste du kan gjera, om det så er fart over fartsgrensa eller for høg fart etter forholda. I perioden 2012 til 2021 var høg fart ein medverkande årsak i 33 prosent av alle dødsulykkene. Høg fart aukar sjansen for at ei ulykke skjer og skadeomfanget når det fyrst er eit faktum, avsluttar han.

(Pressemelding)