Det opplyser Innlandet fylkeskommune.
– Det kan gå mot vinterstenging av fylkesveg 55 over Sognefjellet. Dei som jobbar med drift og vedlikehald av fylkesvegane i båe fylka ber trafikantane om å vera førebudd på at vegen kan bli stengt mellom Turtagrø i vest og Rustadsætre i aust frå sundag kveld, seier kommunikasjonsrådgjevar Kari Hermanrud i Innlandet fylkeskommune.
Meteorologane har varsla mykje snø utover i neste veke. Snøveret byrjar laurdag kveld og aukar på frå måndag. Samstundes aukar vinden.
– Dette gjer at tida truleg er inne for å stengje vegen for vinteren. Avgjerda om dette blir teken i helga, opplyser Hermanrud.
Vegen kan bli stengt på kort varsel. Trafikantar som har tenkt seg over fjellet må følgje med på Vegtrafikksentralen sin informasjon.