Mellombels nasjonal væpning av politiet vart innført etter Pride-skytinga i Oslo natt til 25. juni i fjor, som følgje av trusselbildet i Noreg.

Neste veke blir væpninga avslutta. Frå måndag 13. mars klokka 8 vil politiet ikkje lenger vera væpna i dagleg teneste. Det melder politiet i ei pressemelding torsdag.

Norsk politi er i utgangspunktet uvæpna. Stortinget har vedteke at politiet kan mellombels væpnast i dagleg teneste når det blir sett på som naudsynt for å handtere ein alvorleg trusselsituasjon.

Eitt av vilkåra for denne avgjerda er at ein må stå overfor ein trusselsituasjon utover det som blir sett på som eit ordinært trusselbilde.

Det er Politiets sikkerhetstjeneste (PST) som har ansvaret for å vurdere terrortrusselen i Noreg.