Norges Bank sin komité for pengepolitikk og finansiell stabilitet har vedteke å halde styringsrenta uendra på 4,5 prosent.

Det vart kjent da Norges Bank la fram si ferskaste renteavgjerd torsdag føremiddag.

– Vi må truleg halde renta på dagens nivå ei god stund framover for å bringe prisveksten attende til målet på 2 prosent innan rimeleg tid, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache i ei pressemelding.

På to og eit halvt år har Norges Bank sett opp styringsrenta heile 14 gonger. Styringsrenta ligg nå på 4,5 prosent.

Prognosen Norges Bank la fram torsdag, indikerer ei styringsrente som blir liggjande på 4,5 prosent fram til hausten, før ho gradvis avtek. Den økonomiske veksten er venta å halde seg låg gjennom fyrste halvdel av 2024, før den tek seg opp.

«Arbeidsløysa vil truleg auke noko, men litt mindre enn rekna med i førre rapport. Inflasjonen er venta å avta noko raskare i år enn tidlegare rekna med, og nærmar seg 2 prosent mot slutten av 2027. Dersom kostnadsveksten held seg oppe eller krona blir svakare enn ein reknar med, kan prisveksten halde seg høg lenger enn vi nå ser for oss. Da er komiteen klar til å heve renta att. Dersom vi får ei kraftigare oppbremsing i norsk økonomi eller inflasjonen fell raskare, kan renta bli sett ned tidlegare enn vi nå ser for oss», heiter det i pressemeldinga frå Norges Bank.