Registreringsnummeret tilhøyrer journalistens bil, så ingen treng søke opp det. Skiltplata er levert av eit nå nedlagt bilfirma, så det er ikkje prat om tekstreklame. Foto: Hans Erik Kjosbakken

Statens vegvesen testar nå ut bilskilt som er laga av resirkulert aluminium. Når dei er nye er det umogleg å sjå forskjellen på skilt som er resirkulert og skilt som er produsert på tradisjonell måte. Men tolar dei den norsk vinteren?

– Vi ynskjer å teste ut haldbarheita på desse skilta. Den beste måten å gjera det på, er å montere dei på bilar i dagleg bruk gjennom eit heilt år, og sjå om det er nokon forskjell i slitasjen, fortel Tonje Sundland Mogensen i Statens vegvesen.

Viss skilta er haldbare nok, kan Statens vegvesen spare over 100 tonn aluminium årleg. Det vil vera eit viktig bidrag i etatens berekraftsarbeid.

Det er 43 privateigde personbilar over heile landet, 8 av Statens vegvesens tenestebilar og i tillegg 8 lastebilar frå driftsentreprenørar som deltek i prøveprosjektet.

I tillegg til at resirkulerte bilskilt reduserer aluminiumsforbruket, er det også ein stor energigevinst.

– Produksjon av skilt med resirkulert aluminium krev kun fem prosent av energimengda som går med til å produsere skilt av ny aluminium, seier Tonje Sundland Mogensen.

Statens vegvesen skal ha kontakt med «testkaninane» gjennom året, og etterpå vil ein samle inn testskilta for å sjå korleis dei har fungert.

(Pressemelding)