E6 må stengjast i nesten to veker frå måndag 30. mai, medan bruelement over E6 blir montert.

Innlandet fylkeskommune melder at bruberedskapen til Statens vegvesen snart er ferdige med den 124 meter lange brua på Tretten i Gudbrandsdalen, som har vorte skyvd ut frå vestsida av Lågen.

Måndag 30. mai starta arbeidet med å montere dei siste 24 metrane av den mellomnbelse brua på austsida.

Den mellombelse brua på fylkesveg 254 består av to ulike bruer. Delen som skal gå over E6 er av ei annan brutype enn den som har vorte montert over Lågen frå vestsida.

- Den austlege delen av brua må tilpassast dei lengste køyretya, slik at dei greier å svinge inn på fylkesvegen. Medan denne delen av brua blir heisa på plass, må vi stenge E6 for å plassere krana og ein del bygningsmateriale der, seier prosjektleiar Rolf Klemetrud i Innlandet fylkeskommune.

Medan E6 er stengt, går all trafikk gjennom Tretten sentrum på Kongsvegen.

Statens vegvesen sine folk som monterer beredskapsbruer har vore i sving på Tretten sidan 13. mars.

- Når dei siste delane er montert på plass, skal vi setja E6 i stand att etter arbeidet som har gått føre seg der. Dette tek til saman rundt to veker, slik at E6 kan opnast att den 10. juni, seier Klemetrud.

Den mellombelse brua på Tretten er godkjent for bruk i inntil 10 år og er bygt for å tole fleire flaumar. Fylkeskommunen er i gang med å planleggje kvar ei ny, permanent bru på fylkesveg 254 kan gå.