Det var rett før klokka 16.30 måndag ettermiddag at det vart meldt om ei alvorleg trafikkulykke mellom ein traktor og ein personbil på fylkesveg 55 Sognefjellsvegen i Lom. Alle naudetatane rykka ut til ulykkesstaden.

Operasjonsleiar Sidsel Svarstad fortel ved 19-tida måndag kveld at éin person omkom i ulykka.

– Føraren av personbilen er stadfesta omkomen på staden, seier operasjonsleiaren til Fjuken.

Svarstad fortel vidare at politiet arbeider med å varsle dei pårørande, og at dei på nåverande tidspunkt difor ikkje ynskjer å seie noko meir kring ulykka eller hendingsforløpet.

– Det er iverksett tekniske undersøkingar på staden. Ulykkesanalysegruppa er på plass, saman med teknikarar frå politiet, for å finne ut kva som har skjedd. Det er bar og tørr asfalt på ulykkesstaden, seier Sidsel Svarstad.

Ved 19.30-tida kan politiet opplyse at båe dei involverte har lokal tilhøyre, og at den omkomne er ei eldre kvinne.

Operasjonsleiaren fortel at det kommunale kriseteamet i Lom er varsla, for å ta vare på både føraren av traktoren, og dei pårørande til den omkomne føraren av personbilen.

Politiet opplyser at Fv55 Sognefjellsvegen fortsatt er stengt forbi ulykkesstaden. Lette køyrety blir oppmoda om å køyre Solsidevegen, medan tungtrafikken må vente til fylkesvegen blir opna att for trafikk.