Målet er å få til ei rulleskiløype på cirka to kilometer i allereie eksisterande ljosløype på Lalm.

Landslagstrenar Egil Kristiansen har vore med og sett på traseen. Trenaren for damelandslaget var positiv til planane om rulleskiløypa og kom med gode råd når det galdt traséval.

– I vårt distrikt fins det ikkje gang- og sykkelvegar, slik at vi har ikkje alternativ til trafikkerte vegar. Dette er difor også eit tiltak for trafikktryggleik. I dag er næraste rulleskiløype på Dombås. Det er derfor behov for eit anlegg som dekkjer den delen av regionen som ligg for langt unna Dombås, seier Terje Kleiven, formann i Lalm idrettslag.

Rulleskiløypa vil nytte allereie opparbeidd trase i ljosløypa som går i området rundt idrettsanlegget på Lalm. Ljosløypa er på tre kilometer, og ein ser for seg å asfaltere to kilometer for rulleski.

– Med ei rulleskiløype vil dette bli eit svært godt og fullverdig idrettsanlegg som vil dekkje mange aktivitetar både sommar og vinter, seier Stein Kluften i prosjektgruppa.

Lalm idrettslag meiner at plasseringa av ei rulleskiløype på Lalm er svært gunstig i høve til befolkninga i denne delen av regionen. Det er 15 minutt reisetid til Vågåmo, Heidal, Nord-Sel og Otta. Innafor ein radius på to mil finn ein fem idrettslag og det bur cirka åtte tusen innbyggjarar her.

Idrettslaget skal sende søknad om spelemidlar innan 1. september. Målet er å starte arbeidet med å byggje løypa neste sommar.

Landslagstrenar Egil Kristiansen er positiv til planane om løype for rulleski. Her i prat med Stein Kluften og Erik Johaug i Lalm idrettslag. Foto: Arve Danielsen