Men det kan vi kalle ein langsiktig plan. Foreldra våre er framleis i full vigør, så vi driv saman – og det stortrivst vi med. På sikt er det meininga at vi skal ta over, men vi tek det steg for steg. Det er inga hast, seier Lene og Harald Brimi.
Frå lærar til turistvertinne
Etter 20 år som lærar arbeider Lene nå fulltid på Brimi Fjellstugu. Det same gjer broren Harald, som er utdanna helikopterpilot. Han kom heim att for åtte år sidan.
Fjuken har fått tips om det komande generasjonsskiftet, og Lene Brimi ler godt når vi spør om dei har kjent seg pressa til å ta over, at det er noko dei føler dei må, rett og slett.
– Eg har aldri kjent det som eit press, og det meiner eg hundre prosent. Vi fekk ta den utdanninga vi ville og vi fekk gjera det vi ville. Alltid. For min eigen del handlar ynsket om å drive Brimi Fjellstugu om ei dragning mot fjellet. Det er så rart med det, når vi har vakse opp med dette. Eg kan berre prate for meg sjølv, men eg er sikker på at barndomen og oppveksten har prega oss båe. Det har handla om fjell, mat, natur og fjell. Dragninga mot alt dette har nok kome med alderen.
Får energi av gjestane
Lene Brimi blir engasjert når ho fortel om kvardagen på Brimi Fjellstugu. På spørsmål om det ikkje er eit stressa tilvere, med masete turistar og altfor mange oppgåver, svarar ho ja. Men:
– Det som er fascinerande, er at ein får så mykje energi av det. Folk er stort sett svært blide og nøgde, dei takkar for maten, rosar naturen, er glade for at dei har funne ro og fred, har fått kvilt. Somme kjem att år etter år, og dei seier gjerne at det å koma på Brimi Fjellstugu er som å koma heim. Alle slike attendemeldingar gjev oss mykje energi. Vi er heldige som får lov til å ha eit arbeid som dette, seier Lene.
– Vi er saman om det
Harald arbeidde fleire år som helikopterpilot før han fann ut at nok fekk vera nok. Saknet etter fjellet vart berre større og større.
– Og da eg fekk kjerring og ungar vart det eigentleg enkelt å bestemme seg. Vi budde i leilegheit i Oslo og eg var periodevis mykje borte frå familien. Eg treivst ikkje, rett og slett. Sjølvsagt kan det vera mykje stress i å arbeide i ei turistbedrift som dette, men vi er saman om det. Dessutan arbeider vi for oss sjølve, for familien, og da vil ein òg tåle og akseptere dei travle dagane på ein heilt anna måte, seier Harald. Han slår fast at ynsket og tanken på å ein gong koma heim att til Brimi Fjellstugu alltid har lege i bakhovudet.
Har ikkje angra ein dag
– Fjellet, naturen, det å sjå vidt kring seg – det ligg i blodet, trur eg. Samstundes tenkjer eg at det var sunt å vera ute nokre år, for å prøve heilt andre ting. Mange spør om eg ikkje saknar å vera helikopterpilot. Svaret er at det gjer eg ikkje i det heile tatt. Eg har har ikkje angra ein dag på at eg kom heim att, seier han.
Snart er det påske. Alle fire – mor Eva, far Vegard, dotter Lene og son Harald – ser fram til travle dagar. Brimi Fjellstugu opnar dørene skjærtorsdag og skal ha ope ut påska.
– Alle er sjølvsagt hjarteleg velkomne, om det er faste gjestar, gjennomreisande eller bygdafolk som ynskjer å ta seg ein tur eller to. Vi gler oss! seier Lene og Harald.