Faren ligg i regjeringas jordbruksmelding, meiner bondelaget. Regjeringa har kostnadseffektiv matproduksjon som hovudmål for landbruket i framtida.

– Vi meiner billigast mogleg mat er eit for snevert mål for norsk landbruks framtid. Vi er opptekne av mattryggleik, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.

– Vi meiner det er fare på ferde, og vi ynskjer derfor å vise vår frykt gjennom varselbål tysdag 31. januar, seier leiar i Oppland Bondelag, Trond Ellingsbø.

I Lom skal bondelaget tenne opp bål i Vårdalen tysdag efta.