Lom IL har søkt Lom kommune om tilskot på 150.000 kroner for å lukkast med det målet. Tysdag vedtok formannskapet å løyve pengane. Rett nok er det kommunestyret som skal sluttbehandle saka, men ingenting tyder på at kommunestyret vil gjera om vedtaket.

Lom og Skjåk hockey vart danna som eit samarbeid mellom Lom og Skjåk IL i 2016. Same året kjøpte Lom IL inn ishockeyvant og ismaskin for å etablere ei provisorisk hockeybane i Grov. Etter mange positive attendemeldingar ynskte Lom IL å etablere ei permanent ishockeybane.

Av søknaden går det fram at det mot neste sesong vil bli gjort ein del utbetringar kring anlegget. Idrettslaget skal mellom anna planere grunnen slik at det blir enklare å halde bana i god stand. Det er òg investert i ein konteiner til oppbevaring av utstyr. Prosjektet har allereie fått midlar frå Sparebankstiftinga og Prosjekt Skøyteglede på til saman 125.000 kroner. Det er òg sendt søknad på 60.000 kroner til Skjåk kommune. Resten blir dekt av idrettslaga.