«Black Friday» og julehandel gjer desember til ei travel tid for Posten. Over heile landet er postkontora og Post i Butikk overfylte av pakkar, og fram mot jul blir det enda fullare i hyllene.

I ei pressemelding melder Posten at så mange som 300.000 pakkar ventar på å bli henta av eigarane sine på postkontor og Post i Butikk på landsbasis.

På Bunnpris på Skjåk kjøpesenter er det også rimeleg fullt med pakkar i Post i Butikk om dagen. I snitt nå i desember får butikken to europallar med pakkar frå PostNord og tre postbur med pakkar frå Posten, kvar dag.

– Sidan det nærmar seg jul reknar vi med at den store mengda med pakkar vil halde fram, og da seier det seg sjølv at det blir utruleg fullt hjå oss, seier butikksjef Grete Aune Ulen.

Saman med postansvarleg på Bunnpris i Bismo, Anette Fallingen, ber butikksjefen folk kome og hente pakkane sine så fort dei får ei hentemelding frå Posten.

Grete Aune Ulen fortel at mange er over snittet trege til å hente pakkane sine.

– Dette tykkjer eg er litt rart. Ein skulle tru dei fleste ventar på å få heim pakkane dei har bestilt, seier butikksjefen, men legg til at mange også er flinke til å hente ut pakkane sine med ein gong dei får hentemelding.

Anette Fallingen og Grete Aune Ulen ber dei som kjem for å hente pakkar på Post i Butikk om å ha med seg hentekode eller hentelapp.

– Nå i desember, med den haugen av pakkar som er, er det svært tidkrevjande og nesten håplaust å finne pakkar utan hentekode, seier Grete Aune Ulen.