Laurdag kveld og natt til sundag er åtte av 12-åringane i Skjåk samla i Skjåk kyrkje. Her deltek dei på arrangementet «Ljos vaken» - ein del av trusopplæringa i Den norske kyrkja.

Dette er tiande året trusopplæringa i Skjåk arrangerer «Ljos vaken», der dei unge skjåkværane får oppleve kyrkja gjennom læring, spennande aktivitetar og sosialt samhald.

– Dette blir spennande. Kanskje kjem vi til å sjå spøkelse i natt! var éin av kommentarane blant 12-åringane i kyrkja laurdag kveld. Ein del av arrangementet går nemleg ut på å overnatte i kyrkja, og fleire av ungane gru-gleda seg til natta, da Fjuken var innom.

Sundag blir «Ljos vaken»-arrangementet avslutta med «Ljos vaken»-messe og Lucia-feiring.