Den nye storskulen i Bismo er planlagt ferdig hausten 2017. I økonomiplanen er det ikkje teke stilling til etterbruken av dei to grendeskulane. Rådmannen meiner det er viktig med ei avklaring og kjem med framlegg om å setja ned ei arbeidsgruppe med mandat til å foreslå korleis kommunen skal nytte skulebygga i Marlo og Nordberg i framtida. – Aktuelle alternativ er bruk til andre kommunale formål, utleige, sal eller sanering, skriv rådmannen i saksutgreiinga. Rådmannen foreslår at arbeidsgruppa får slik samansetjing: * Tre representantar valde av kommunestyret, der minst ein representerer nærmiljøet rundt Nordberg-skulen* To representantar utpeikt av rådmannen* To representantar utpeikt av Næringsnettverket i Skjåk* Ein representant utpeikt av styret for Marlo grendahusRådmannen ber om at tidsfrist for arbeidet blir sett til 1. oktober 2015. Formannskapet får denne saka på bordet fyrstkomande onsdag ettermiddag.