Det var topp stemning både ved start- og målområdet, og langs løypa, da skigruppa i Skjåk IL arrangerte Påskesprinten på Grotli skjærtorsdag. Dette var 53. gongen at det tradisjonsrike skirennet i Skjåk gjekk av stabelen.

Mange hundre personar var samla på arenaen rett ovanfor Grotli Høyfjellshotell der det var start- og målgang, samt premieutdeling. Vergudane var også på arrangørane si side torsdag.

Påskesprinten hadde i år over 150 startande, der yngste aldersklassa var heilt ned i to år. Deltakarane var delt inn klassevis etter alder og gjekk ulike distansar. Stuttaste distanse var 500 meter, medan dei eldste gjekk 10 kilometer. Løparar frå 15 år og oppover gjekk klassisk, medan dei som var 14 år eller yngre gjekk fristil.

Det var mange gode prestasjonar i årets Påskesprint, og etter målgang var det sjølvsagt premieutdeling ved sigerspallen.

Sjå fleire bilde og les meir frå Påskesprinten i papiravisa neste veke.