– Staten Nepal er blant verdas mest fattige land, og har naturleg nok ikkje ressursar til å hjelpe folket sitt. Det er ikkje alle som har fått noko som helst hjelp etter det forferdelege jordskjelvet i april. Vi ynskjer å samle inn pengar for å hjelpe det vesle vi kan, seier Mai Bakken.
På nyåret, onsdag 13. januar, inviterer dei to til ei samling i Utgard. Her vil dei fortelje om turen, frå dei reiste frå Lom den den 10. oktober til dei stod på toppen av 6812 meter høge Ama Dablam den 8. november.
– Ettersom vi ynskjer å samle inn pengar til Nepal, kjem vi til å ta inngangspengar. Vi håpar det kjem folk for å høyre på oss likevel, og for å sjå bilete frå turen, seier Mai.
Turen vart ei sterk oppleving på fleire plan. Dei hadde med seg fire klatresherpaer frå Nepal i mange dagar. Mai og Bjørg levde tett på dei, dag etter dag. Prata mykje, vart godt kjende.
– Nepalesarane har det alt anna enn enkelt, men likevel tenkjer dei på andre. Dei er så blide, så oppofrande og snille. Somme av klatresherpaene våre hadde mista alt, inkludert husa sine. Alt var rasert. For å byggje opp att heimane sine, må dei tene pengar. Det gjer dei blant anna ved å hjelpe slike som oss, fjellturistar på topptur. Nå er det vår tur til å hjelpe. Vi ser på eit prosjekt utanfor Kathmandu der vi veit ingen har fått hjelp, heller ikkje frå det internasjonale samfunnet, seier Mai. Ho slår fast at det gjer mykje større inntrykk å sjå liding og elende direkte og ikkje «berre» gjennom tv-ruta.
Turen opp til Ama Dablam var ei stor oppleving, men samstundes var det hardt og vondt.
– Eg hadde periodar der eg tenkte at eg ikkje kom til å greie det, at eg ikkje orka meir. Eg trur ikkje Bjørg tenkte slik i det heile tatt. Ho var flink til å motivere meg. Men du veit… dersom vêret og helsa er er ok, er det berre opp til deg sjølv. Ein må jobbe med eigne tankar på slike turar. Det er viktig å nyte opplevinga, sjå seg rundt, nyte utstikta, ikkje berre tenkje at «nå er eg kei». Eg prøvde å vera blid og glad og tenkje at «dette har vore ein fin dag» sjølv om eg kanskje ikkje alltid følte det slik, ler Mai.
Dersom du vil høyre meir om turen, og samstundes vil hjelpe folket i Nepal: Ta turen til Utgard 13. januar.