Brannbilar, politibilar og fleire ambulansar er på plass. Det er ikkje merkeleg at folk grublar over kva som eigentleg skjer på Skjåkheimen, men altså: Det er ei øving.

Naudetatane har hatt kurs i Bismo eit par dagar, og det er i samband med kurset at øvinga er iverksett.