– Det er stas å få vere med på denne meisterskapen, seier Tor Gaute Jøingsli til Fjuken. Onsdag var det laguttak til Nordisk meisterskap i skyting, og skjåkværen var blant skyttarane som vart teken ut til det norske laget.

Nordisk meisterskap er ein landskamp mellom Noreg, Sverige og Danmark der 15 av dei beste skyttarane frå kvart land får delta. I år er det Follo skyttersamlag som arrangerer Nordisk meisterskap i skyting, som går av stabelen 3.-6. september rundt Moss og Våler skyttarlag sitt baneanlegg.

Dette er ikkje fyrste gongen Tor Gaute Jøingsli blir teken ut til det norske laget i Nordisk meisterskap. Faktisk blir dette tredje gongen den profilerte skyttaren deltek på Nordisk meisterskap.

– Sist eg var med var i fjor. Da gjekk meisterskapen i Danmark. Fyrste gongen eg vart teken ut og deltok i Nordisk var sist meisterskapen gjekk føre seg i Noreg og det var i 2012, seier Jøingsli, som ser fram til helga i september.

Nordisk meisterskap består av både baneskyting og feltskyting.

– I denne meisterskapen konkurrerer vi i ulike disiplinar. På baneskytinga skyt vi eit vanleg program pluss eit liggjande program, medan det på feltskytinga er vanleg feltskyting pluss felthurtig, seier Tor Gaute Jøingsli.

Skyttaren frå Skjåk har nokre travle helgar framfor seg, før Nordisk meisterskap tek til. Fyrstkomande helg deltek han i samlagsmeisterskapen i Vågå der skyttarar frå heile Gudbrandsdalen er med, og neste helg er det norgescup-avslutning i Bergen. Her ligg Jøingsli på ein sjuandeplass samanlagt før avslutninga.

Under Landsskytarstemnet på Lesja førre veke hamna Tor Gaute Jøingsli på ein sjetteplass.