– Vi vil samle skulen i Skjåk i èin skule, vi vil da ikkje ha han ut av bygda. Ein 1-10 skule har ingenting med sentralisering å gjera, seier toppkandidaten til Sp.

Senterpartiet i Skjåk hadde torsdag kveld eit medlemsmøte der skulesaka og utspelet til Ap i papirutgåva til Fjuken var eit heitt tema.

Sperstad og Senterpartiet reagerte òg på at dei ikkje fekk kommentere utspelet i same utgåve.

– Ap kjem stadig med nye utspel. Dei seier rett nok sjølve at prislappen dei har sett på ein «ny» Nordberg skule ikkje er kvalitetssikra, men det er himmelvid skilnad på det dei meiner vil koste 25 millionar kroner og det vi meiner er realistisk, seier Sperstad. Skjåk skal ha ein skule for alle, og vi har eit lov- og regelverk å halde oss til når det gjeld skulebygg og -anlegg. For Nordberg sin del kan vi ta til ute. Der må det gjerast eitkvart med bussplassen, han er ikkje trafikksikker. Ein annan faktor er reinseanlegget som er over 30 år gamalt og inneber ein ukjent faktor. Og kva med drikkevatnet? Det må heilt sikkert gjerast noko med vassforsyninga. I det opprinnelege bygget, frå 1952, er det vass- og varmerøyr som er like gamle som huset, og fyrkjelane lever på overtid, ramsar Sperstad opp.

– Når kommunestyret i si tid hadde synfaring på Nordberg, var det ei allmenn oppfatning at ei renovering ville bli for dyrt - og eg kan minne om at Aps ordførarkandidat på eit seinare tidspunkt stemte imot ei utgreiing da dette vart foreslege, legg Per Lars Lien til.

Senterpartikandidatane vil òg presisere at, da 10 millionar kroner vart løyvd til forprosjektet for ein ny skule i Bismo, braut tre av Ap-representantane i kommunestyret ut av eigor gruppe og stemte for forprosjektet.

– Vi vil byggje ein skule for framtida, seier Lien. Kor lenge vil Ap bygge skule for med 25 millionar kroner, spør han.

Listekandidatane til Sp seier òg at ein ny skule ikkje automatisk fører til nedskjeringar.

– Sjølvsagt må også kommunen, som i det private næringsliv, sjå på rasjonalisering av drift. Når folk for eksempel går av med pensjon, må det sjåast på om det skal tilsetjast på nytt, seier Sperstad.

Dei kjøper ikkje reknestykket til Ap.

– Økonimisjefen i Skjåk kommune seier at ei investering på 80 millionar kroner pluss moms vil føre til eit tilnærma 0-oppgjer, seier Lien.

– Ap skal vera forsiktige med å seia så bastant at det må skjerast åtte årsverk, legg Sperstad til.

Elles tykkjer senterpartikandidatane at det er positivt at Ap har teke til å sjå på etterbruken av Marlo skule.

– Men kvifor har dei ikkje spelt dette inn til etterbruksnemnda? Og, har dei høyrt med Lom om dei er interessert i eit samarbeid? spør Sperstad.

Vedtaket om å bygge ein ny barneskule i Bismo er gjort. Eit vedtak som Senterpartiet i Skjåk aktar å realisere.

– Vi har ikkje råd til å la vera, seier dei.

Dette er utgangspunktet:

Skjåk Arbeiderparti gjekk i papirutgåva av Fjuken denne veka ut mot planane om ein ny 1-10 skule i Skjåk. Dei stilte spørsmål ved om kommunen kan ha råd til å betale renter og avdrag av ei investering på 100 millionar kroner, og vil ha utgreidd Norberg skule som eit alternativ for èin barneskule i bygda. Skjåk Ap meiner at renovering og påbygg på Nordberg vil koste 25 millionar kroner. Skjåk Ap meiner òg at Sp vil sentralisere ved å bygge ein ny skule i Bismo, og kallar det paradoksalt. Det lokale Arbeiderpartiet meiner at det å investere i ein ny skule vil gå utover tenestetilbodet i kommunen.

Skjåk Ap meiner at ei utbetring av Nordberg skule vil koste 25 millionar kroner, og at dette alternativet må greiast betre ut før ny skule i Bismo blir bygd.