MEINING:

Om nullkonsesjon i Vågå

Meining

I møtet 25/11-21 behandla Vågå kommunestyre sak om nedsett konsesjonsgrense for nær slekt i Vågå kommune. Forslaget inneber at om du arvar ein bustad etter nær slekt i Vågå, vil du måtte oppfylle buplikt på eigedomen, til forskjell frå i dag der du kan arve ein bustad utan at du får buplikt. Forslaget vart nedstemt med 10 mot 7 stemmer, 6 frå SP og 1 frå BL.

Vågå Senterparti meiner at dette vil vera eit godt grep for å frigjere fleire bustader i Vågå kommune, både sentralt og i grendene. Det er få ledige hus i kommunen og ein begrensa leigemarknad. Det ser ut til at mangel på attraktive bustader, til sal og til leige, er ei av dei største, om ikkje den største hindringa for tilflytting. Skal ein få folk til å flytte til bygda er gode og varierte bustadalternativ ein føresetnad. Ein kan sjølvsagt også ynskje seg fleire regulerte bustadtomter, men for mange vil det å bygge bustad heilt frå botnen vera ei så stor og usikker investering at ein heller flyttar andre stader. Ein kan heller ikkje vente å få att den same verdien om ein sel huset seinare. Det er også slik at det er begrensa kor mange nye bustadtomter som faktisk kan utviklast i nærleiken av sentrum i Vågå, utan å komme i konflikt med dyrka mark. Det er då desto viktigare å sørge for at dei husa som faktisk er der blir lagt ut i marknaden, og ikkje står tomme eller blir fritidsbustader.

I framlegget frå kommunedirektøren ligg det også inne ei vurdering om at ein kan avgrense vedtaket til berre å gjelde sentrumsområda i kommunen. Vi vil sterkt tilrå at ein tek med heile kommunen. Fleire stader ute i grendene er det mange ledige bustader som kunne vore attraktive om dei kom på marknaden. Å få folk til å busetje seg i desse husa vil føre til auka aktivitet i grendene og ljos i glasa, noko som bør vera ei hovudmålsetjing i bustadpolitikken i kommunen.