MEINING:

Arbeidsplassar i Garmo

Meining

Det er triveleg at Fjuken slår såpass stort opp det enkle spørsmålet eg stilte til ordføraren i siste kommunestyremøte i Lom. Må berre be om spalteplass til eit par korrigeringar til det som står i oppslaget.

For det fyrste; dette var eit spørsmål til ordføraren – ikkje eit forslag. Etter at eg hadde fått eit positivt svar frå ordføraren at han meinte andre etasje på Garmo skule kunne brukast til kontorlokale, så poengterte eg klart at det måtte bli ei drøfting med administrasjonen om ein eventuell veg vidare. Bl.a. må det avklarast kven som eventuelt skal jobbe med dette, og om dette kjem i konflikt med drift av barnehagen.

Når ein går i gang med slike prosessar så er det viktig at ting blir gjort i rett rekkefølge. Det er også slik at skal ein få ting til å skje så må ein tørre å kaste ein del ballar opp i lufta, og ein må ta sjansen på å mislykkast.