MEINING:

Nærpolitireform - eit beredskapssvik

Meining

Det kan seiast mykje bra om den såkalla nærpolitireforma. Mellom anna er operasjonssentralane styrka for svare ut telefonar til alle døgnets tider og serve patruljane ute, og drifte større aksjonar som til dømes leite- og redningsaksjonar og skarpe oppdrag.

Vidare har det vore et løft innan feltet etterforsking noko som styrkar rettssikkerheita og skal sikre likebehandling av straffesaker.

Politietaten har fått større budsjett noko som skulle styrke den operative tenesta, politifolk i gata og i patruljebilar.

Fakta er at sjølv om budsjetta er styrka og det har blitt tilsett fleire, så har dette berre ført til 2 auka årsverk i politiet på landsbasis! Kvar har da dei andre stillingane blitt av? Svaret er at det har gått til å styrke politidirektoratet (POD) og til leiar og prosjektstillingar. Altså ingen styrking av den faktiske operative tenesta.

Reforma har ført til auka beredskap, fleire operative tenestepersonar og kort responstid i byar og tørre tettstader, men ikkje i distrikta. Det er distrikta som nok ein gong er skadelidande.

Kva meiner vi så med denne påstanden? For å forklare dette kan vi trekke fram Ottadalen som eit eksempel. Her var det tidlegare tre velfungerande lensmannskontor med til saman 14 tilsette. Blant dei 3 lensmann, 3 sivilt tilsette og 8 operative som alle var med på vakt-beredskap. Desse var busette i Ottadalskommunane.

I dag er kontora i Vågå og Skjåk nedlagde. Ved kontoret i Lom er det nå att 5 operative tenestepersonar og ein sivilt tilsett. Dei fleste av stillingane som tidlegare var i Ottadalen er flytta til Otta der "hovudkontoret" for Nord-Gudbrandsdal lensmannsdistrikt nå er lokalisert.

Kva slags konsekvensar har dette:

Beredskap- denne vert dårlegare av den grunn at det ikkje er politi i Vågå og Skjåk på dagtid. I Lom er det opningstid nokre timar tre dagar i veka, om ikkje dei operative politimannskapa er ute på oppdrag eller ikkje er på jobb grunna turnusfri.

Førebygging- denne vert også dårlegare. Grunnen til det er at dei fleste ynskjer å busette seg i nærleiken av arbeidsplassen sin. Det at politifolk bur i bygda gjev mykje gratis førebygging som diverre ikkje er målbart i POD sine statistikkar.

Dei kommunane som mista sine kontor fekk ei politikontakt som erstatning. Denne er kommunen sin kontaktpunkt inn til politiet. Men dette vil likevel aldri erstatte eit velfungerande kontor med politi som bur, arbeider og er lokalkjende i nærområdet.

Større vaktregionar- tidlegare var Ottadalen eigen vaktregion med tilsette som budde og arbeidde i Ottadalen. Dette gav ein tilfredsstillande beredskap. I dag er vaktregionen utvida til å omfatte Ottadalen, Nord-Gudbrandsdal med Sel, Lesja og Dovre og Midt-Gudbrandsdal med Fronskommunane og Ringebu. Den nye vaktregionen fører til lange utrykkingar og lang responstid, mykje lenger enn om ein hadde hatt dei "gamle" regionane intakt.

Arrest- tidlegare var det arrest både på Otta og på Dombås. I dag må arrestantar køyrast til arresten på Hamar med den tids- og ressursbruken det inneber.

Samarbeidande etatar- desse må i langt større grad enn tidlegare vente på politiet ved til dømes trafikkulykker, brannar, psykiatribistand og andre hendingar. Grunnen til dette er at vakthavande politi svært ofte er busett langt unna Ottadalen.

Utrykkingsterskel- vi fryktar at denne blir høgare i distrikta kontra byar og tettstader nettopp grunna at det ofte er lang utrykkingsveg frå dei som har beredskap til der hendinga skjer.

Vi ser at det på mange område er fornuftig med eit kontor i Ottadalen for tida plassert i Lom. Men det fordrar at bemanninga der vert betydeleg styrka til eit nivå som gjer at dei kan ivareta vakt- og beredskap for Ottadalskommunane sjølve. Dette vil føre til auka tryggleik for befolkninga og også for samarbeidande etatar som brann og helse.

Vi kan vise til fleire faktiske hendingar i Skjåk, mellom anna:

25. Januar -21 Skjåk

Brann i bygning Nordberg , Skjåk. Det vart opplyst at det er var fleire gassflasker i bygningen. Brannvesenet reiste ut. Kl. 01.14. Politi rykte ut frå Dombås, var framme ca. kl. 03.00

Naboar til brannen vart raskt evakuert. I tillegg kom det ei sikkerheitssone på 300 meter, alle som hadde bustad innafor dette område vart evakuert etter politi var på plass.

5 sept, Trafikkulykke Rv 15 Vest for Skamsar bru

Det var to separate bilulykker på same strekke denne dagen, lettare personskadar. To utrykkingar for brannmannskapet. Fyrste beskjed frå politi er at dei har mannskap på reserveteneste, desse var ikkje varsla, avventar til brannmannskap har kome fram. Politi ber om tilbakemelding ved mistanke om lovbrot, brann melder tilbake at dei ikkje har forutsetning for å vurdere dette. Brannvesenet returnerte til stasjonen da bil var i grøfta. Det blir meldt om ny ulykke vest for den tidlegare ulykka, med to bilar involvert. Da var Politi på veg for å sjekke den fyrste ulykka (framleis over 6 mil unna). Såleis vart vaktleiar brann Skadestedsleiar på nytt. Politi kom etter lang køyretur og overtok skadestaden.

Utfordring for brannvesenet er å ha kapasitet til å ta politioppgåver. Vaktleiar brann har gjerne nok med å organisere og ta vare på eige mannskap. I tillegg brukar brann ein del tid til å oppdatere politi på samband når dei ikkje er på plass. Og er det riktig at brann skal vente på politi etter at dei er ferdige med sine oppgåver? Det er fleire eksemplar der det går ca. ein time før politiet kjem når det ikkje er lokal vakt i Ottadalen.

Politireforma overførte utgifter og ansvar over på kommunane. Kva med rettstryggleiken til våre medborgarar, og kva med ansvar og sikkerheit for den lokale brannmann den dagen det skjer noko fatalt i påvente av politi?

Senterpartiet stemte mot nærpolitireformen, og fekk mykje negative kommentarar for dette ei periode, bakstreverske og negative var omtala. Nå registrerer vi at det ikkje lenger er omtala som nærpolitireform, riktig nok, for nærpolitiet er borte.

Stem for tenester nær folk!