MEINING:

Før du kommenterer: Les! - elles «veit du ikkje kva du snakkar om»

  Foto: Arve Danielsen

Meining

Måndag er den store dagen. Stortingsvalet er like spennande som eit stort idrettsarrangement.

Eg har fylgt med ein del på debattar på TV – på nokre er kaklinga så total at ein ikkje får med seg stort anna enn «underhaldningsverdien». Andre debattar har gått roleg og greit for seg. Politikarane er gode i munnleg, men kor ofte dei svarar på spørsmåla dei får, er eg usikker på.

Det får meg over til Facebook. Kor ofte kommenterer dei som er ivrigast på det mediet, det ein artikkel handlar om? I skremmande liten grad, trur eg. Eg har ein hypotese om at dei ivrigaste kommentatorane rett og slett nøyer seg med overskrifta, og knapt nok det.

Facebook er eit medium for å nå lesarar. Vi legg ut ei sak på heimesida, og linkar denne til Facebook. Slik når vi mange lesarar.

Vi skal vera ærlege å seia at vi mange gonger titlar saker spennande, for å få folk til å lesa – og kanskje kjøpe eit abonnement. Likevel vil eg påstå at vi aldri narrar lesarane. Det er lesarane vi lever av, og dei let seg ikkje lure. Det er abonnentane som kjøper avisa som gjer at Fjuken tener pengar og vi som arbeider der får løn. Det er ingen butikk eller anna næringsverksemd som gjer ting gratis, og vi gjer faktisk ein jobb med kvart teikn vi lagar med tastaturet.

Vi kan ikkje la vera å ta betalt for ein artikkel - for jobben vi gjer - fordi folk går avlause i kommentarfelta.

Ei innstendig oppmoding til deg som kommenterer: Les saka før du går laus! Elles «veit du ikkje kva du snakkar om!» (Fritt etter Navarsete)