MEINING:

Det er nok nå!

Meining

- Natur har oss jaggu nok tå,- sa ein ordførar i ein debatt om kraftutbyggjing på 70-talet. Det gjaldt Sjoa mot forventa arbeidsplassar i fråflyttingstruga bygder.

Nå gjeld det raske motorvegar og hyttebyar mot ennå urøyvde fjellheimar, det gjeld tusenårgamle setervangar og dei siste restar av urskog der villfuglen bur. Det gjeld nokre arbeidsplassar i bygningsbransjen og auka omsetning i kjedebutikken i bygdesenteret.

Eg høyrer til den siste generasjonen av menneske som uhindra kunne byggje ut dei rikaste biotopane og utan tanke på nye slekter kunne tøme ut jordas ressursar.

Nå går egoismens tidsalder mot slutten.

Har vi ikkje snart nok, nå?

Er det ikkje på tide at vi bremsar opp og tenkjer oss om? Treng vi meir olje nå og høgare løn til å kjøpe meir bruk og kast?

Betjent er ditt.

Du kan stemme på fremtiden til barnebarna din eller på å auke ditt eige fotavtrykk på jorda.