MEINING:

Vi treng Rune på Stortinget

Meining

Vi treng gode representantar frå regionen vår på Stortinget. Rune Støstad vil bli ein særs god ombodsmann for oss.

Det å vera stortingsrepresentant er sjølvsagt å engasjere seg både nasjonalt og internasjonalt. Det er eit ansvar alle representantane har. Dei tre konstitusjonelle hovudoppgåvene er å vedta lover, statsbudsjett og kontrollere Regjeringa. Så er det ei mengd andre oppgåver og gjeremål i tillegg.

I arbeidet med små og store saker, må vårt fylke og vår region sine interesser bli ivareteke.

Det er ei meining med at landet er delt opp i valdistrikt slik at heile landet er representert på Stortinget. Da må vi ha representantar som kjenner distriktet sitt og som står på for folket her.

Rune Støstad som er Arbeiderpartiet sin andre-kandidat, har alle føresetnader for å lykkast. Han har vore og er ein særs dyktig ordførar i Nord-Fron, han er engasjert i små og store saker langt utover Nord-Fron, er profilert, har eit stort nettverk og gode kontaktar til sentrale politikarar.

Rune er ein ekte og solid sosialdemokrat som vi kan ha tillit til. Vi treng nå ein politikk for vanlege folk og vi treng Rune på Stortinget. Derfor bør du stemme Arbeiderpartiet.