MEINING:

Rovviltforvaltninga må styrkast

Meining

Norsk rovviltpolitikk er basert på rovviltforliket frå 2011 der alle partia på Stortinget einstemmig vedtok endringar i forvaltninga av rovvilt. Senterpartiet meiner at målet med rovviltpolitikken må vere å redusere skadane, dempe konfliktane og motverke utryggheit for dei som er mest utsett. Men, vi ser og erfarer at den demokratisk vedtekne rovviltpolitikken ikkje blir fylgt opp i praksis, men blir gang på gang vanskeleggjort av regjeringa. Den todelte målsettinga blir satt til side og rovvilt har forrang. Vi har besetningar i både Nord- og Midt-Gudbrandsdalen som over fleire år har store tap av sau til jerv og i desse dagar er det tidlegsanking i desse områda på grunn av jerven.

Rovviltnemnda i Oppland har over fleire år bede om å få meir effektive tiltak for å regulere jervebestanden. Vi ligg over bestandsmåla for jerv år etter år. Svaret frå Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet er at det er lisensfelling som skal vere hovudverktøyet. Nemnda har sendt mange e-postar og hatt mange møter, utan å bli høyrde! I rovviltforliket frå 2011 står det under punkt 2.2.4 at «I de tilfeller der lisensfelling ikkje gir tilfredsstillende uttelling, skal miljøforvaltningen så langt det er mulig sørge for at resterende kvote tas ut i de områdene lisensfellingskvote er gitt». Dette har ikkje vorte fylgt opp. Bestanden aukar og utfordringane for beitenæringa er nå store.

I 2018 gjekk nemnda i Oppland gjennom rovviltforliket og sende brev til Klima- og miljødepartementet og statsråd Elvestuen. Der vart det påpeikt at lisensfellinga på jerv fungerer for dårleg som bestandsregulerande verkemiddel. Nemnda ba om at fylkesmannen måtte gjevast løyve til å sette i verk skadefelling på jerv vinterstid, der ein kunne bruke snøscooter. Nemnda synte til rovviltforliket og ba om at det måtte etablerast meir faste rutinar for at miljøforvaltninga skulle ta ut ein større del av restkvotene på rovvilt. Det å gje beitenekt på grunn av omfattande skade av rovvilt er ikkje akseptabelt og forvaltninga må få bruke alle verkemiddel ein kan for å ta ut skadedyret som fører til beitenekten.

Det einaste som har endra seg desse 8 åra er at det er lov til å ha ljos på åte og elektronisk overvaking. Dette lettar lisensfellinga for dei som skal gjennomføre det, men det har ikkje lykkast å få bestanden ned på bestandsmålet. Ein kan få inntrykk av at innspel og forslag til tiltak blir trenert og at viljen til å finne løysingar ikkje er interessant å vurdere ein gong.

Dersom vi ikkje får kontroll på jervebestanden i Oppland kan beitenæringa bli borte på fåe år. Beiteressursen er viktig for jordbruksnæringa og miljøet. Eit landbruk basert på norske ressursar og at dyra kan gå ute i fjellet og hauste av beiteressursane er bra for klimaet, det er bra for dyra og det er bra for det biologiske mangfaldet.

Vi treng nå ei regjering som tek utfordringane med rovviltbestanden på alvor og som faktisk fylgjer opp rovviltforliket. Eksistensen til norsk beitenæring må sikrast. H og Frp, som i valkampen for 8 og 4 år sidan sa dei skulle rydde opp og sikre ei betre rovviltforvaltning, har ingenting om rovvilt i sine stortingsvalprogram nå. Vi må både effektivisere og profesjonalisere uttak av rovvilt for å komme ned på bestandsmålet. For å lykkast med den todelte målsettinga må lokal forvaltning styrkast med sterkare verkemiddel.