MEINING:

Tverrpolitisk innspel angåande forvaltning av rovdyrpolitikk i sone 3

Meining

Fyrst vil vi poengtere at bodskapen i dette skrivet ikkje handlar om at vi er motstandarar av jerv. Bodskapen handlar heller om forvaltninga av bestanden, og at vi er fortvila sett med Skjåk kommune sine auger. Stortingsvedtaket for rovdyrforvaltning må realiserast og samfunnet i Skjåk må bera ei mindre bør!

Som kjent er bestandsmålet for heile region 3, fire årlege ynglingar av jerv. I 2020 vart det dokumentert 7 ynglingar i denne regionen. 4 av desse var i Skjåk kommune. I tillegg var det 3 ynglingar i nærliggande område. Foreløpige tal for 2021 viser at det også i år er dokumentert og antatt 7 ynglingar i region 3. Deriblant to i Skjåk, ei på Lesja og ei i Lom. Vidare har vi tilgrensande regionar med fylgjande bestandsmål: region 5 med 5 årlege ynglingar, og region 6 med 10 årlege ynglingar av jerv. Kor stor vandringa er, og kva for antal jerv det er i Skjåk mot beitesesongen blir da eit bekymringsverdig spørsmål for oss.

Skjåk kommune har i fleire år hatt like mange ynglingar av jerv som bestandsmålet for heile region 3 seier. Enkelte besetningar fekk store rovdyrtap i 2020, sjølv med tidleg sanking. Dette fører med seg store lidingar både for gardbrukarane og beitedyra. I 2020 var tapsprosenten på lam i Reinheimen beitelag 17 %. Det var eit uttak i Lordalen i vinter som forhåpentlegvis vil ha effekt for årets sesong. Det dokumenterte talet på ynglingar har i gjennomsnitt vore aukande over bestandsmålet sidan 2017. Også vi som lokalbefolkning ser mykje aktivitet av jerv. Tidleg i reinsjakta 2020 vart det mykje prat om flokkar i sørvestlege område av Skjåk som var utan kalv. Årsaka kan sjølvsagt diskuterast, men jegerar observerte fleire gongar jerv med kvalpar i området.

Vi ynskjer også å diskutere dei høge krava til å dokumentere ynglingar. Vi har forståing for at krava må vera høge for å sikre validiteten av observasjonane. Men i enkelte tilfelle må statlege tilsette få kunne gjere alternative tiltak for å fastslå dokumenterte ynglingar. Vinteren 2020 var spesiell med mykje snø og stor rasfare, i år var det lite snø fram til våren. Dette gjer sjølvsagt at enkelte områder er utilgjengelege for dokumentasjon.

Vi har stilt spørsmål om det ikkje kan nyttast drone, og forstått det slik at det ikkje er gjeve løyve til dette frå direktoratet? Enkelte av våre fjellområde har eit slik terreng at det ikkje er fysisk mogleg å kome dit. Dette er i tillegg område der vi har hatt store jervetap i fleire år. Kvifor blir det ikkje gjeve løyve til bruk av drone, både for å kunne dokumentere ynglingar og tap av beitedyr i utsette område? Samstundes ynskjer vi å stille spørsmål om kor mykje forvaltninga vektlegg erfaringstal frå tidelegare år? Både når det gjeld tapsprosent og dokumenterte ynglingar. For Skjåk sin del meiner vi at erfaringstala ropar høgt for ekstraordinære tiltak når felling under ordinær jakt uteblir.

Det er heller ikkje dette året teke ut jerv i Skjåkfjella korkje under ordinær jakt eller hiuttak. Dette gjer at beitenæringa er særs uroa. Næringa legg ned eit stort førebyggjande arbeid med nye tiltak for sesongen. Auka fokus på radiobjeller og beredskapslag for ekstra tilsyn og eventuell tidleg sanking. Vi meiner det er særs urett at beitenæringa i Skjåk skal måtte bera så stort eit ansvar for bestandsmålet. Vi meiner oppriktig at dagens forvaltning er trenering av eit Stortingsvedtak med dei vedtekne bestandsmåla. Vi må få fleire og meir effektive verkemidlar for å ta ut jerv under ordinær jakt.

Vi er særs uroa for dyrevelferden og gardbrukerne si psykiske helse. Fleire har investert store økonomisk ressursar og innsats i avlsarbeid for å få best moglege besetningar. Det er mykje som står på spel dersom desse bruka blir lagt ned.

Mest av alt ynskjer vi at utmarka vår skal bli brukt! Som sagt i innleiinga er vi ikkje i mot jerv i faunaen vår, men det heile må balanserast. For Skjåk kommune sin del meiner vi at forvaltninga må gjere grep. Her må ein utføre uttak av hi som ekstraordinært tiltak for å fordele belastninga meir innan regionen. Dette til trass for at forvaltninga ynskjer uttak gjennom ordinær jakt for bestandsregulering.