MEINING:

Nilsbue – utbyggjing på Bergom

Meining

Meir enn dei fleste bygder lever Lom på inntekter frå turismen.

Ved sia av naturen er Lom er kjend for kulturinstitusjonane sine og har vunne prisar for å ha teki godt vare på kulturarv og byggjeskikk. Bygdesenteret Fossberje har gjennom tiåra utvikla seg frå ein klynge små, lågmælde hus kring Prestfossen til å bli eit serprega sentrum og ein turistmagnet. Dette har skjedd fordi eigarane av husa ved kvar ny utbyggjing har prøvd å ta vare på gamalt serpreg og føre viktige element vidare i ei ny tids språkdrakt. Eit anna sermerke for Fossbergom og Lom er det også at nesten alle som driv turistverksemd her sjølve eig husa sine og bedriftene. Dette fører med seg ansvarskjensle og langsiktig tenkning og bidreg til at overskot ikkje blir førde ut av lokalsamfunnet, men ofte brukt til å forbetre og byggje opp bedriftene.

Med forbetra byggjeteknologi har den nye tids hus har vorte større og dermed meire dominerande i bygdebiletet, men for oss som bur her har det alltid vore viktig at ikkje eitt hus skal skygge ut dei andre. Ingen bør blir så stor at han fullstendig stel synsinntrykket av bygdesentret, korkje frå utsida eller innanfrå.

For at folk skal trivast på ein stad må det finnast gode plassar å møtast på, grøne friområde og gjerne utsikt til vakker natur og kultur. Slik er Fossbergje knytt til Bøvra og Lomseggen, og kva ville Lom vore utan stavkyrkja og Loar, utan Prestfosssen og Presthaugen og dei nyare kulturattraksjonane som Fjellmuseet og Bakeriet, utan Nordal og Fossberg eller Fossheim og Steinsenteret?

Nilsbua er snart hundre og femti år og har vorte varleg restaurert og fint teken vare på i eit fyrste byggjesteg. Sikkert tolar bygningen at det blir lagt til fleire bustadar enn dei to fyrste, men tre etasjar mot Bøvra og 9 nye husvere blir altfor mykje. Dette blir ein gaukunge som trengjer dei andre ut av Bergomsreiret.

Det er etter mi meining ikkje Fylkeskommunen, NVE, Vegvesenet og Riksantikvaren som er «på bærtur» her, men ein ordførar som totalt har mista det politiske gangsynet og fått eit historielaust medlem av Formannskapet med seg på gigantplanane.

I staden for å feie kloke innvendingar frå overordna styresmakter bort i rein framstegspartistil burde ordføraren invitere dei som har utvikla turistattraksjonen Fossbergje og skapt arbeidsplassar her i lange tiår til å vera med på ein prat om vegen vidare.

Det gjeld Fossbegoms framtid som eit trivleg turistsenter og næringsveg for mange.