MEINING:

Heltestatus i Vågå Sp

Meining

I lesarbrev fortset Vågå SP diskusjonen frå kommunestyremøtet 17. juni der vedtaket vart å ikkje gå vidare med å utgreie eventuelt ny kommune. Spørsmålet var om vi skulle gå vidare i ein prosess, ikkje om vi ønskte kommunesamanslåing og folkeavstemming om dèt. Kva er vanskeleg å forstå av det dei tre andre partia la fram frå talarstolen? Vågå arbeiderparti tek opp att at vi ikkje var nøgde med utviklinga den siste veka der Vågå Sp køyrde på med lesarinnlegg, intervju, kommentarar og konklusjon om å stoppe, og dermed gjorde det heilt tydeleg for oss at ein ikkje kunne gå vidare med delt kommunestyre og med splitting i bygda som resultat. Som vi sa i møtet; diskusjonen burde gått i det rette organet som er kommunestyret for å ha demokratisk behandling av ei viktig sak. Eit samla kommunestyre sende invitasjon i desember og kommunestyret var rette instansen til å ta diskusjonen før innbyggjarane skulle fått høve til å seie kva dei meinte. Eit delt kommunestyre i ei slik sak er ingen tjent med, derfor valde Vågå Ap å fremme forslag om å stoppe prosessen.

Det er usant å påstå at varaordføraren frå Vågå Ap «tidlegare har vore i media og sagt at Sel-Vågå vil bli så bra» (sitat) da både eg og partigruppa har vore lojale og avventa diskusjonen til møtet 17. juni. Eg har heile vegen vore ope på at eg er skeptisk til om kommunesamanslåing løyser utfordringane vi ser, men eg var innstilt på å ta rolla mi på alvor og gjere eit arbeid i forhandlingsutvalget på vegne av innbyggjarane.

Jakta Vågå Sp heltestatus da dei la opp mediastrategien ref. deira eiga overskrift i lesarbrev 19. juni? Det kan lesast slik og fallet vart høgt i kommunestyremøtet. Dei fleste representantane som tok ordet i møtet ga klare attendemeldingar til Sp om kva dei meiner om framgangsmåten og det må seiast ein gong til: dersom Sp hadde gode argument i mot i juni så burde dei hatt dei også i desember, når invitasjonen samrøystes vart sendt til dei andre kommunane. Låg det forbehold i invitasjonen frå Sp si side om at det måtte til fleire kommunar før ein prosess, burde dèt også vorte kjent for resten av kommunestyret når invitasjonen skulle sendast.