MEINING:

Vågå SP – helt eller syndebukk?

Meining

På kommunestyret 17.06.21 vart det fleirtal for å skrinlegge prosessen med å bygge ny kommune Sel-Vågå. Harde ordvekslingar kom frå talarstolen men samtlege parti hadde endringsforslag om å avslutte prosessen.

Vågå SP fekk mykje tyn for å øydelegge det gode arbeidet som skulle i gong og alle moglegheiter det kunne gje. Faktisk vart det dette som vart tema istadenfor å argumentere for å gå vidare med prosessen. Vi føler for å svare litt på denne kritikken.

Vi fekk kritikk for å bruke media. Ordførar og varaordførar har tidlegare vore i media og sagt at Sel-Vågå vil bli så bra og kome med døme på løysingar utan at dette har vore til politisk behandling.

I forkant av kommunestyremøtet no brukte ordførar media og avblåste prosessen. Vi er i opposisjon og har ikkje fripass til avisene, men skriv innlegg for å fremje vårt syn. Det er heilt vanleg og til informasjon for innbyggjarane.

AP-gruppeleiar Langøygard sa at ingenting har endra seg sidan vi var med på å sende ut invitasjon til 5 kommunar i desember. Jau, ting har endra seg. 4 kommunar har sagt nei og ei står att. Då har vi samme situasjon som det var stor motstand mot i folkeavrøystinga i 2016, ei avrøysting vi ikkje vil sjå bort frå.

AP-leiar Stadeløkken seier at vi ber inn til middag og låser døra. Vågå inviterte mange på middag men berre ein ville komme. Denne eine middagsgjesten skulle vi ta stilling til no.

Stadeløkken sa òg at vi burde stoppa prosessen då vi såg at det berre var Sel som takka ja til invitasjonen. Dette var først kjent etter at alle kommunane hadde svara innan fristen 31.mars 2021. Kommunestyret 17.06 var første gong det kom ei sak der ordførar ba om mandat til å gå igong med forhandlingar. Det var første møtet vi skulle ta stilling til om vi ville i prosess med å bygge ny kommune Sel-Vågå. Vi valde å stoppe. I tråd med det Stadeløkken sa.

I staden for å argumentere og stemme for det ein tilsynelatande trur på vel posisjonen å gå på talarstolen og legge all skuld på Vågå SP for at dei sjølve har endringsforslag mot å fortsette prosessen. Reknar med at endringsforslaga var i tråd med eigne medlemsmøter.

Bygdalista seier dei ville ha med eit breitt fleirtal for å gå vidare. Det er eit godt utgangspunkt og eit valg som er tatt. Men det er òg å spele høgt.

På kommunestyret igår hadde posisjonen sjansen til å bruke fleirtalet til å gå vidare i arbeidet. Dei kunne fått med eit vedtak om folkeavstemming og brukt året til å overbevise innbyggjarane i kommunen inkl Vågå Sp. Hadde dei verkeleg hatt trua på at dette var liv laga hadde dei gjort det.