MEINING:

Regnbogens månad - kjærleik er kjærleik

Meining

No flagrar regnbogeflagga i både bygd og by. Flagga symbolisera livsglede, kamp og mangfald. Å kalle markeringa Pride – stoltheit - er genialt og sjølvforklarande: Ingen skal føle skam eller måtte opptre med diskresjon på grunn av kjønnsuttrykket eller legninga si. Du skal vere stolt av den du er!

Det er eit stort mangfald innan seksualitet, kjønn og kjærleik. Pride er ei viktig markering mot undertrykking av skeive, og protest for krav om like rettigheiter – uansett kjønns-og seksualitetsutrykk.

Rettigheitene for skeive i Noreg blir stadig betre, men i mange land er det kriminelt å være homofil. Du kan få 10 års fengsel eller til og med dødsstraff. Mellom andre Ungarn har nyleg innført forbod mot undervisning om homofil. Dette er nitrist og kjem i tillegg til straff som stigmatisering og diskriminering som skjer både i andre land og Noreg.

Så, om du ikkje kjempar for eige vedkommande så vift flagget og hev stemma for andre. Vi skal ha eit ope samfunn der alle har retten til å vere den dei er og elske den dei vil!

Kjærleik er kjærleik. Gledeleg Pride!