MEINING:

Eit nytt storsjukehus vil vera ei smittefelle

Meining

Frå januar 2019 til i dag har eg samla avissider med stoff om «Sykehuset Innlandet». Det meste er frå GD, men noko og frå andre aviser. Vekt pr. i dag er 2,3 kg.

Frå januar 2003 vart helseforetaket «Sykehuset Innlandet« etablert, overskot og underskot skulle styre drifta. Kilosvis med avissider har vore produserte. Direktørar likeså.

Vi opplever i dag ein pandemi som starta som eit smitteutbrot i det fjerne Østen i 2019. Dette vart ein farsott, ein epidemi hausten 2019. Nå er alle land i verda prega av koronavirus med mutantar, det vart ein pandemi.

Det har vore mange epidemiar/pandemiar gjennom historia. Dei har som regel fylgd handelsvegane både til lands og vanns, med kamelar og med frakteskip. Svartedauden, som starta sist på 1340-talet er av dei mest kjende. Men det kom over 20 svartedaudar dei neste 200 åra, og enda er denne bakterien, Yersinia pestis, årsak til sjukdomsutbrot fleire stader. Det er ikkje lett å utrydde ein bakterie, enda mykje verre med eit virus som stadig endrar seg.

Eg las i ei fagbok at: «Globalisering er alle pandemiers mor». Det ligg mykje kunnskap bak denne setninga. Dette koronaviruset, vil leva vidare og endre seg med tida og tilhøva.

Pandemisituasjonen i dag må få konsekvensar for tenking og planlegging når det gjeld sjukehusstrukturen i dei gamle fylka Hedmark og Oppland. Eit nytt storsjukehus vil vera ei smittefelle hvis gode rutinar likevel ikkje held virus ute. Da vil heile helsestellet i Innlandet bli lamma.

Derfor må ein byggje vidare på den sjukehusstrukturen som har vore fram til i dag. Da kan ein dessutan fordele arbeid og utgifter over tid, og ein unngår krevjande år med storutbygging. Krevjande både for personale, pasientar og samfunn.

Reiseavstand i km og tid varierar med årstid og verlag. Det er vesentleg for heile Gudbrandsdalen at Lillehammer sjukehus får utvikle seg vidare som akuttsjukehus.

Så må Foretaksmodellen avviklast. Ein sjukehusmodell og ein sjukehusstruktur må bli ein del av beredskapstenkinga. Saman med lager av utstyr, vaksiner, medisin og sengekapasitet.