MEINING:

Vågå har mange opne sår som treng pengar fyrst

Meining

Folk i Vågå er skuffa over politikken, dermed søkk tilliten til politikarane. Dette er høgrepolitikk kamuflert av Bygdalista og Arbeiderpartiet.

Tenk å bruka 11 millionar på eit industribygg på Otta som ikkje tener bygda vår.

Vågå har mange opne sår som treng pengar fyrst.

Ei lita hugseliste; ny symjehall til barn og unge som er lovpålagt ,nytt sorenskrivarkontor, Vågåheimen, Moavegen, gamalt og utslite vatn og kloakksystem, betre oppfylgjing av barn og unge, betre oppfylgjing av psykisk helse, lågare husleige i kommunale trygdeboligar, minstepensjonistar har ikkje råd til så stor husleige.

Kommunesamenslåing utan folkeavstemning er direkte uærleg. Det er å umyndiggjera Vågå si befolkning.

Eg vonar at me framleis kan få leva og bu i ei triveleg og demokratisk bygd.