MEINING:

Uttale frå Nordfjordrådet til Stortinget si handsaming av Nasjonal Transportplan 2022-2033

Meining

Nordfjord er den nordlegaste regionen i Vestland fylke, med om lag 30.000 innbyggjarar og eit rikt ogvariert næringsliv med mange bedrifter som opererer på ein nasjonal og internasjonal marknad.

Ei av Nordfjord sine største utfordringar for å ta ut utviklingspotensialet i regionen, er gode og sikresambindingsvegar og gjennomfartsårer på land og sjø. Vi vil særleg halde fram standarden på deigamle tunnelane på Rv15 over Strynefjellet og rasfaren på strekninga er eit alvorleg hinder for vidareutvikling av regionen. Vi er svært overraska og skuffa over at ikkje utskifting av dei gamle tunnelanepå Rv15 Strynefjellet med ny tunnel etter konsept B1, som tidlegare vedteke av SVV ogSamferdsledepartementet, ligg inne i framlegget til ny Nasjonal Transporplan.

Ny tunnel på Rv15 Strynefjellet må inn i fyrste periode av NTP 2022-2033

Næringslivet i 15 kommuner i Vestland og Møre og Romsdal med ei samla årleg verdiskaping på ca 70mrd NOK, har Rv15 Strynefjellet som si hovudtransportåre mellom aust og vest. I tillegg er Rv15hovudåra for kollektivtrafikken frå Nordjord til både Austlandet og Trøndelag, og svært viktig forreiselivet. Riksveg 15 knyt også saman godstransport på sjø med det nasjonale jernbanenettet, sidanRv 15 går mellom hamna i Måløy og togstasjon på Otta. Rv15 som bindeledd mellom transport på sjøog bane vil bli endå viktigare i framtida etter opninga av Stad Skipstunnel i 2025.

Standarden på Rv15 Strynefjellet er under einkvar kritikk. Dei tre tunnelane på strekninga er bygdepå 1970-talet, er smale og dårlege og oppfyller ikkje EU si tunnelsikkerheitsforskrift. Det er storrasfare mellom tunnelane, og strekninga er stengt i lange periodar kvar vinter.

Ny tunnel over Strynefjellet vil erstatte dei 40 år gamle, smale, usikre og bratte tunnelane med nyheilårsopen, trygg og rassikker veg over fjellet mellom aust og vest. Nordfjordrådet oppmodarStortinget innstendig om å legge inn oppstart av vedtatt konsept B1 for Rv 15 Strynefjellet somskredsikrings-/tunnelsikringsprosjekt i fyrste periode av NTP 2022-2033.

Vi er svært skuffa og overraska over at ikkje regjeringa har sytt for dette allereie. Å legge inn RV15Strynefjellet i NTP er etter vårt syn ei nødvendig prioritering av trafikktryggleik, tunnel- og rassikring,distriktspolitikk og tilrettelegging for vekst i næringslivet i fleire livskraftige distriktsregionar, og åbinde saman aust og vest. Prosjektet vil også gje store utsleppskutt frå tungtrafikken.

Vi syner også til at prosjektet har støtte frå fylkeskommunane Vestland, Møre og Romsdal ogInnlandet – mellom anna i det ferske høyringsinnspelet frå Vestland fylkesting til komitehøyringa avNTP. Eit samla næringsliv, inkludert NHO og LO, står også bak prosjektet.

Rassikring og flaskehalsutbetring E39
Nordfjordrådet vil peike på at den samla potten for rassikring i NTP må aukast monaleg,
også ut fråøvrige store rasutfordringar på vegnettet i Nordfjord både på riks- og fylkesvegar.

Vi vil vidare syne til at det i 2021 blir starta planarbeid for utbetring av flaskehalsar på E39 mellomByrkjelo og Sandane, etter vedtak i Stortinget i samband med Statbudsjettet 2021. Vi føreset at desseflaskehalsutbetringane på E39 Byrkjelo-Sandane blir gjennomført i første NTP-periode.
Vi vil avslutningsvis syne til at alle punkta Nordfjordrådet her tek opp, også er omtalt og prioritert iVestland fylkeskommune sin høyringsuttale til NTP.