MEINING:

Strynefjellet må inn i NTP 2022-2033

Meining

Møre og Romsdal AP, Vestland Ap, og ei lang rekkje kommuneparti er særs skuffa over regjeringa si manglande vilje til å prioritere ny tunnel over Strynefjellet. Møre og Romsdal, Vestland og Innlandet, LO, NHO står samla i kravet om ny veg, då må regjeringa lytte og handle.

Lokale AP-krefter går no saman og vil jobbe inn i mot den endelege handsaminga i Stortinget. Kravet er at RV15 Strynefjellet med arm til Geirangar må inn i NTP 2022-2033.

Ny tunnel vil erstatte dei 40 år gamle, smale, usikre og bratte tunnelane, med ny heilårsopen, trygg og rassikker veg over fjellet mellom aust og vest. Vegen er avgjerande for at vi har bedrifter og arbeidsplasser her vi bur, då er det skuffande at regjeringa med Høgre i spissen, ikkje vil prioritere den.

Konsept B1 mellom Skåre-Breidalen vart vedteke i juni 2018, mesteparten av vegen skal gå i tunnel. Det gir kort planleggingstid og ein kan gå rett på detaljregulering. Målet er å få vegen inn i første periode med gjennomføring innan 2025.

Vi meiner at dagens vegstandard og dei mange stengingane vinterstid, medfører ein stor avvisingseffekt. På grunn av bratt stigning, fare for stenging og risiko for skade på kjøretøy, vel mange å nytte alternative ruter. Næringslivet i dei nærliggande kommunane skapte i 2016 verdiar for 73 mrd. Mange av bedriftene tapar i dag store summar på å køyre lange omvegar.

Trafikkgrunnlaget er langt større enn dagens tal syner. I og med Eiksundsambandet, ny tunnel Ørsta-Volda og Kvivsvegen, vil ny tunnel over Strynefjellet gje store positive ringverkander for Søre, indre og midtre Sunnmøre, Nordfjord og Ottadalen.

Eksisterande tunnelar er i tillegg særs risikoutsette ved brann. Ansvarleg brannsjef seier det er sjølvberging som gjeld, naudetatane kan ikkje gjere anna enn å rydde opp i etterkant. Konsekvensane av ein bussbrann i turistsesongen vil vere katastrofale.

100 000 innbyggjarar, det mest produktive næringslivet i landet og ikkje minst verdsarvsområdet Geiranger, treng ny veg no.